home

Kvalitetsvurderingen av Sogn og Fjordane Teater

«Det tydelegaste kunstnarlege særtrekket ved Sogn og Fjordane Teater er arbeidet med ny norsk dramatikk.(...)I eit nasjonalt perspektiv har teatret særleg relevans som skapar og formidlar av ny norsk dramatikk og som ivaretakar av eit nynorsk scenespråk med vestnorsk klang», skriver panelet som bl.a. har evaluert Sogn og Fjordane Teater. .

Sogn og Fjordane Teater ble etablert som regionteater i 1977, og spiller på nynorsk og på dialekt. I fjor mottok teatret 16,8 millioner kroner fra staten, og 7,2 millioner fra fylkeskommunen og Førde kommune. Det er bare tre andre regionteatre som mottar mindre statstøtte, det er Hordaland Teater, Haugesund Teater og Nord―Trøndelag Teater.

Teatrets egenevaluering
«I evalueringsperioden har SoFt hatt denne visjonen (utvikla av dei tilsette og styret): Vi skal røre folk med opplevingar dei ikkje har hatt før. Visjonen er tufta på tre kjerneverdiar: Engasjerande, inkluderande og modig. (…)Teatersjefens mål for den kunstnariske profilen er:

  1. Eit utfordrande repertoar som er politisk engasjerande (vi ønskjer å gi dei uhøyrde stemmene ei røyst).
  2. Eit repertoar som framstiller og utfordrar den vestnorske identiteten gjennom å spele stykke skrive på nynorsk, om tema og stoff som har røter i eller vedkjem folk i regionen, med skodespelarar som bruker eit vestnorsk scenespråk.
  3. Samarbeid med andre for å styrke kvaliteten, og for å få vist stykka fleire stader. Sentralt i det kunstnariske prosjektet står utvikling og oppføring av ny norsk dramatikk. (…)Målet vårt er først og fremst å nå fram til publikum, underhalde dei, vekke gjenkjennande kjensler i dei, kanskje gi dei refleksjonar kring viktige tema – og ja, i beste fall gi dei ei kunstoppleving.» (Fra teatrets egenevaluering)

Repertoar
«… i snitt har vi sett opp ca. tre uroppføringar kvart år. Det er i samsvar med målet om å utvikle stykke som har rot i vår eigen identitet, der vi bruker dramatikarar frå det vestnorske (og nynorske) området, og arbeider med stoff herifrå (om rånemiljøet, om ei myteomspunne hending frå krigen, om ein gut som vart mobba på ein skule i fylket, om ein kjend salmediktar og predikant o.a.). Siden 2008 har teatret hatt følgende urpremier: To skilte menn av Maria Lundberg, Roger Hilleren og Fredrik Steen, Hyttekoz av Hans Sande, Simons historie av Stig Amdam, Burn baby, burn av Karen Røise Kielland, Ishuset av Marit Tusvik, Matias Orheim av Mette Brantzeg og Norvald Tveit, Du ana’kje av Aslak Moe,Tyl av Bodil Kvamme, Brenningmysteriet av Otto Homlung, Absolutt Per av Rolf Losnegård, Bodil Kvamme og Ola B. Johannesen, Urmakarens hjarte av Miriam Prestøy Lie og Sirkus Saragossa av Camilla Hübbe.

Panelets vurdering
Som jeg skrev i går, har panelet til vurdering av den kunstneriske kvaliteten benyttet seg av den danske ønskekvist―modellen som opererer med tre grunnkriterier: vilje, evne og relevans. Her kan vi se hvordan panelet benytter seg av ønskekvistens tre «grener»: «Det tydelegaste kunstnarlege særtrekket ved Sogn og Fjordane Teater er arbeidet med ny norsk dramatikk. Teatret kan i evalueringsperioden vise til mange urpremièrar på nye norske stykke, med tema frå historie og dagsaktuelle hendingar, helst i eige fylke, skrivne og framførte på nynorsk. Teatret held fana høgt for eit vestnorsk scenespråk i produksjonane sine. Det er i høve til dette tekstlege og språklege arbeidet teatret viser størst og sterkast kunstnarleg vilje og mot. (…)Spørsmålet er likevel om teatret kunne gå endå lenger. Panelet vil meine at teatret ikkje har vist like stor kunstnarleg vilje til å utforske scenekunsten breitt som dei viser i høve til tekstutvikling og scenespråk. Panelet trur (…) det ville styrkje det kunstnarlege arbeidet ved teatret om dei knytte til seg ei eller anna form for fagleg kollegium som kan bidra til at rommet for den kontinuerlige kunstnarlege refleksjonen vert noko større. Panelet  stiller seg )….) noko spørjande til at arbeid med både klassiske dramatikarar og aktuelle samtidsstemmer som ikkje kjem den regionale tematikken direkte i møte, blir valt bort grunna liten interesse hjå publikum. Det er problematisk at sviktande publikum blir tilskrive repertoarval åleine. Samla sett (…) viser Sogn og Fjordane Teater stor vilje når det gjeld utvikling av ny norsk dramatikk, ofte med aktuelle, modige og svært omdiskuterte tema og med stor vekt på eit vestnorsk scenespråk. (…)Teatret har profesjonell kompetanse, både kunstnarleg, teknisk og administrativt. Teatret har vidare høg kompetanse på turneplanlegging og turnegjennomføring. Teatret har relevans som ein viktig kunst- og kulturinstitusjon i Sogn og Fjordane ( …) I eit nasjonalt perspektiv har teatret særleg relevans som skapar og formidlar av ny norsk dramatikk og som ivaretakar av eit nynorsk scenespråk med vestnorsk klang.»

Publisert: 21.06.13 av IdaLou Larsen Bookmark and Share

Din kommentar:

Kommentar:
Navn:
Alle feltene må fylles ut!
Teatersjef Terje Lyngstad

Teatersjef Terje Lyngstad

Foto Oddleiv Apneseth