home

Peer Perez Øian husregissør på Det Norske

Jon Bleiklie Devik, Charlotte Frogner og Frank Kjosås er nå fast ansatt på Det Norske Teatret.  "... dæven så moro det er", utbryter Frank Kjosås.

Det har gått altfor langt tid siden den siste oppdateringen av www.idalou.no, men nå håper jeg å få litt mer fart på siden. Unnskyldningen for den langvarige  "tausheten" er juleforberedelser, familiemiddager/selskaper, pluss utenlandsopphold, først i Tyrkia, så i Frankrike.  

Det Norske Teatret melder i dag at teatersjef Erik Ulfsby har ansatt tre av ensemblets skuespillere i faste stillinger. De tre er Charlotte Frogner, Jon Bleiklie Devik og Frank KJosås.

"Både Charlotte, Jon og Frank har vore knytt til Det Norske Teatret ei årrekkje, dei er ein viktig del av både huset og ensemblet her. Det er godt å vite at vi skal ha mykje glede av kvarandre frametter også. Dei er alle særs sterke vokalistar, i tillegg til at dei også er drivande dyktige skodespelarar. Arbeidshestar alle tre, seier ein nøgd teatersjef Erik Ulfsby.

Charlotte Frogner (Aurskog-Høland) har vore ved teatret sidan ho gjekk ut av Teaterhøgskolen i 2004 og har utmerkt seg som ein allsidig og hardt arbeidande skodespelar med gode prestasjonar både i det klassiske og musikalske repertoaret ved teatret. Til våren er ho aktuell som Gunvor Smikkstugun i Prøysens Trost i taklampa.

- Jeg fikk klædd i bringa, som Frida Ånnevik sa da ho fekk Spellemannsprisen, seier Charlotte Frogner om tilsetjinga.  - Eg kjenner meg privilegert som kan tenke framover på mange nye år med hardt arbeid ved Noregs råaste teaterhus.

Jon Bleiklie Devik (Bergen) har sidan 2010 vore i engasjement ved Det Norske Teatret, men første gongen han stod på Hovudscenen var i Robert Wilsons Peer Gynt i 2005. Bleiklie har med få unntak halde fram på Hovudscenen der han er ein av søylane i musikkteatret og har gjort solide roller som Dan i Next to Normal, Peron i Evita, ulike karakterar i Shockheaded Peter og snart er han å sjå som Mendel i Spelemann på taket. Devik har ein fin humoristisk timing og er for tida aktuell i Tjue tusen sider. - Eg er enormt takksam for å ha fått denne tilliten, seier Devik. -  Det er eit privilegium å få å arbeide på ein stad som har sterke røter, men som aldri kviler på laurbæra og som alltid ønskjer å utforde vidare. Det Norske Teatret er eit hus med internasjonal kvalitet i alle ledd, og eg kunne ikkje ønskt meg ein betre stad å få lov til å investere kreftene mine i.

Frank Kjosås (Øystese) kom som nyutdanna skodespelar til Det Norske Teatret hausten 2006. Han har gjort store musikalroller i Hair, Jesus Christ Superstar, Next to Normal og Evita, for å nemne nokre. Kjosås er ein allsidig og etterspurt skodespelar både på teaterscenen og på film og var sjølv overraska over å bli tilbode ei fast stilling. -  Det å bli fast tilsett ved Det Norske Teatret er for meg ei stor glede! Det er overraskande, fordi det rett og slett ikkje er så vanleg lenger. Men dæven så moro det er, seier Kjosås."

Instruktør i fire år

Erik Ulfsby har også tilsatt "Peer Perez Øian (33) frå Bærum ... som regissør ved Det Norske Teatret i 4 år. Han har nett hatt premiere på den kritikarroste framsyninga Tjue tusen sider på Hovudscenen. Perez vann Heddaprisen for beste regi i 2011 for framsyninga Sjuk ungdom som blei sett opp på Scene 3."

På samme scene har han også satt opp Fundamentalisten og på Scene 2 Antichrist. Hans diplomoppgave, Hedda Gabler, hadde stor suksess på Nationaltheatret. Han har dessuten satt opp Til Kongo på Teatret Vårt, En midtsommernattsdrøm på Den Nationale Scene, og Biedermann og Brannstifterne på Rogaland Teater. 

Publisert: 21.01.14 av IdaLou Larsen Bookmark and Share

Din kommentar:

Kommentar:
Navn:
Alle feltene må fylles ut!

Kommentarer (3):

Viktor18.09.14 03:38
Hei! Jeg savner din anmeldelse av Ibsens "Gjengangere" på Malersalen, Nationaltheatret. Kommer den snart? For øvrig lurer jeg på om du har anmeldt forestillingen "Skaff meg en synder" fra Teater Innlandet. Den hadde visstnok premiere i 2012. Men gjester, blant annet, Det Norske Teatret i høst, i anl. Prøysen-jubileet.
IdaLou Larsen02.04.14 12:44
Er i ferd med å avslutte Spelemannen. og legger den snart ut sammen med Trost i taklampa!
Viktor02.04.14 03:45
Hvor blir det av dine anmeldelser av: Spelemann på taket og Trost i taklampa?
Peer Perez Øian

Peer Perez Øian

Det Norske Teatret

Charlotte Frogner

Charlotte Frogner

Det Norske Teatret

Jon Bleiklie Devik

Jon Bleiklie Devik

Det Norske Teatret

Frank Kjosås

Frank Kjosås

Det Norske Teatret