home

En god nyhet

Erik Ulfsby fortsetter som teatersjef på Det Norske Teatret. Det nye åremålet hans går fra 2020 til 2025, og et samlet teater stilte seg bak avgjørelsen om å tilby Ulfsby en ny sjefsperiode. Les teatrets pressemelding her!

Styret ved Det Norske Teatret har i dag vedteke å tilsette Erik Ulfsby i eit nytt åremål som teatersjef på Det Norske Teatret frå 2020 til 2025. Erik Ulfsby har vore tilsett i stillinga sidan januar 2011 og det noverande åremålet går ut 2020.

– At ein av Nordens beste og mest visjonære teatersjefar ønsker å bruke sine krefter til å løfte Det Norske Teatret ytterlegare i åra framover, er gode nyheiter for oss, seier styreleiar Nina Refseth. - Ulfsby har lukkast i å styrke Det Norske Teatret kunstnarleg, økonomisk og i den offentlege samtalen; i tillegg har han auka publikumstilstrøyminga til eit stabilt rekordhøgt nivå. 2017 teiknar til å bli eit rekordår for Det Norske Teatret både publikumsmessig og økonomisk. Det Norske Teatret har òg blitt lagt merke til utanfor landets grenser og opplever ein aukande etterspurnad etter framsyningar og potensielle samarbeid.

Det er eit samla teater som stiller seg bak avgjerda om å tilby Ulfsby ein ny periode - Arbeidet med å forlenge åremålet har vore gjort i god dialog med dei tillitsvalde på teateret, seier Refseth.

Ulfsby er svært motivert for å halde fram på Det Norske Teatret. Forlenginga gir Ulfsby ein god planleggingshorisont, og dermed det nødvendige handlingsrommet til å setje nye prosjekt ut i livet.

– Eg leier i dag ein kompetent, fleksibel og kunstnarleg spennande scenekunstinstitusjon, eit teater som har potensial til å styrke den kunstnarlege satsinga ytterlegare og å nå eit enda større publikum, både her heime og utanfor landegrensene. Eg gler meg til å halde fram arbeidet saman med alle dei fantastiske medarbeidarane på teateret, seier Ulfsby.

Publisert: 12.12.17 av IdaLou Larsen Bookmark and Share

Din kommentar:

Kommentar:
Navn:
Alle feltene må fylles ut!
Teatersjef Erik Ulfsby

Teatersjef Erik Ulfsby

Foto Siren Høyland Sæter